← Tilbake
 

Bakgrunn

Pasientar, pårørande og andre som er involvert i prosessar knytta til pasientbehandling kan ofte sjå andre behov og utfordringar enn det tilsett helsepersonell gjer. Desse vil også kunne sjå mogelege praktiske løysingar på slike problem eller utfordringar eller forslag til forbetringar av arbeidsprosessar.

Helse Bergen ser på dette som eit viktig bidrag til å kunne forbetre rutinar og utstyr for igjen å betre pasientbehandlinga. Det er difor ønskeleg å opprette ein portal som gjer det mogeleg å enkelt melde inn slike idear.

Føremål

Føremålet med denne portalen er å arbeide for ein betre pasientkvardag. Det er derfor eit ønske at Helse Bergen skaffar seg oversikt over -­‐ og kan legge til rette for rutinemessig oppfølgjing av innsendte forslag til forbetringar.

Helse Bergen reserverer seg retten til fritt å kunne bruke dei innkomne forslaga/ideane.

Denne bruken blir regulert på følgjande måte;

  1. Helse Bergen skal ha rett til å legge dei innmeldte ideane synlig i portalen for andre brukarar/gjester.
  2. Helse Bergen skal ha rett, men ikkje plikt til å utrede mogeleg bruk av den innmelde ideen i samsvar med formålet til portalen. Dersom Helse Bergen vel å nytte seg av retten til denne bruken, skal personen bak ideen bli underretta om dette innan fire månader etter innmelding av ideen.
  3. Idehavar vil ikkje kunne påberope seg opphavsrettslig vern eller andre immaterielle rettar som vil avgrense Helse Bergen sin bruk av ideen.
  4. Dersom ideen genererer ein kommersiell gevinst, vil idehavar bli kompensert med 1/3 av netto overskot, i samsvar med nærare avtale.
  5. Idehavar og Helse Bergen skal ikkje ha noko ansvar overfor kvaranrde, verken økonomisk eller anna, når det gjeld konsekvensar av bruken av den innmeldte ideen.
  6. For vitskaplege tilsette ved Helse Bergen gjeld reglar i «lov om arbeidstakeroppfinnelser» og Helse Bergen sitt utvida regelverk for kommersiell utnyttingaav forskningsresultat. Idear som kan bli tatt patent på, skal meldast til arbeidsgjevar i samsvar med vedtekne rutiner.
  7. Helse Bergen har rett til eventuelt å slette sensitiv pasientinformasjon dersom dette blir lagd ut via portalen. Helse Bergen skal ha rett til å stenge ein brukarprofil dersom informasjon som blir lagd ut kan bli oppfatta som upassande eller støytande.
  8. Ved eventuelt brot på desse vilkåra frå Helse Bergen si side, kan brukaren klage dette inn for kommunikasjonsdirektøren. Partane skal forsøke å komme til einigheit om ei løysing av ein slik tvist innan rimeleg tid, dersom det er ønske om det – ved uavhengig mekling. Dersom dette ikkje lukkast innan 3 månader etter at klagen er meld inn, kan partane bringe saka inn for rettsapparatet.